Størrelse: 1 (2) 3 (4) 5 (6) 7
Overvidde: 82 (90) 100 (109) 118 (127) 136 cm
(Beregn 5-10 cm i bevegelsevidde)
Garneksempel: HS Angel + HS Angel Lace
Garnmengde: 250 (250) 300 (300) 350 (350) 400 g HS Angel + 125 (125) 150 (150) 175 (175) 200 g HS Angel lace
Pinne: Pinne ca. 3,5 - 4 mm, eller den du må ha for å få rett strikkefastheit
Strikkefastheit: 22/10 ferdig blokka (dampa med strykejern)
Denne genseren er strikka nedanfrå og opp, med forkorta rader øverst på både forstykket og bakstykket. Båthals, og lange ermer.
Dette mønsteret dreg seg veldig saman, så når du har strikka eit lite stykke, damp arbeidet lett med strykejern og prøv på eller mål strikkefastheit. Du kan lage prøvelapp og dampe den, men husk at strikkefastheita kan endre seg frå ein liten lapp til eit stort plagg. Uansett vert dette plagget veldig tøyelig og du kan velge å blokke det kraftig i breidda eller i lengda for å tilpasse passform. Beregn 5-10 cm i bevegelsevidde.
Du kan velge om du vil ha vanlig vrangbord eller taggekant nede på ermer og bol. Du kan også velge å legge inn 2 små hol framme på genseren slik at taggekanten vert ein løpegang. Da kan du tvinne/strikke ei snor til løpegangen, slik at genseren kan snurpast saman nede.
Kommentarer